Norsk Stil: Diktanalyse

Her er de viktigste rådene for bruk i diktanalyse.

 
   

03.01.2013


Lektor Eli Sonja Kolset Vasset

iStockphoto

  
  - Skriveregler - Kommareglene - Apostrof
  - Ordklasser - Tankestrek - Punktum
  - Forkortinger - Mellomrom - Bindestrek
  - Aksenttegn - Sjangre - Nynorsk hjelpemidler

Annonse

 

(StudentTorget.no):

Her har du ei liste til hjelp når du skal analysere dikt. Nummereringa er noko vilkårleg. Skriv du ein diktanalyse som langsvarsoppgåve (stil), kan du plukke frå denne lista, men du bør i utgangspunktet ikkje nemne moment som du ikkje finn eksempel på, og du bør unngå oppramsing. Kunsten er å flette dei inn i tolkinga, som skal skrivast som ein vanleg prosatekst, utan avsnittsoverskrifter eller punktvise oppset. Hugs innleiing, gjerne om forfattaren, temaet, epoken eller alle deler.

 

A Den formelle sida av diktanalysen:

1. Strofe= ei gruppe vers som høyrer saman. Eit dikt kan ha ei eller fleire strofer.

2. Vers  = ei strofelinje.

3.  Rim   =

 

a) Bokstavrim: Når ord med trykk tek til med same konsonant (allitterasjon) eller

ulik vokal (assonans). Allitterasjon kan vere lett å finne, spesielt i norrøne kvad, der ein er på utkikk etter dei:

                                             Eitt veit eg som ikkje døyr 

                                             Dom om dauan kvar

                   

b) Stavingsrim: Same språklyd f.o.m. den siste trykktunge vokalen. Vert oftast nytta som enderim sist i verset:

                                             ………skvett

                                             ………fiolett

Det er vanleg at stavingsrimet har same mønster i alle strofene, og vi leitar det fram. Det kan t.d. vere:

                                              parrim:  aabb

                                              kryssrim: abab

                                              kiastisk rim: abba

                                              fletterim:  abcabc

                                              sekvensrim (kombinert parrim): aabccb

                                              tiraderim: aaaaaaa

                                              balladerim: 0a0a (0 står for manglande rim)

 

Merk deg at enjambement (versbinding) er eit uttrykk for at meininga er delt på fleire liner. Eksempel frå Jon Fosse si diktsamling Engel med vatn i augene (1986):

 

                                             II

                                              Stadig fjernare, bort. Fjernare

                                              og stadig nærmare.

                                             

 

Vi kjem òg over dikt som har doble stavingsrim, d.v.s. både innrim og enderim.Eitt eksempel er Petter Dass sin salme "Herre Gud, ditt dyre Navn og Ære", eit anna Rudolf Nilsen sitt ”Nr.13”:

                                              De spør hvor nr.13 er – vår kjære gamle gård?

                                              Den ligger inni gaten her hvor nummer ”13” står,

                                              og De kan se hvor svær den er, så langt kvartalet når

                     

c) Dikt utan rim. Til ettertanke: Kva gjer så teksten til eit dikt?

 

 

4. Typografisk utforming: Iblant talar vi om grafiske, skulpturelle eller visuelle dikt. Diktet er sett opp

typografisk på ein  spesiell måte  for å gje eit hint til lesaren. Eksempel: Jan Erik Vold sitt

dikt ”Bølgje”, forma som ei bølgje og med eit innhald som speglar forma.

 

5. Rytme: I klassiske dikt finn vi alltid ei gjenteken rytme. Eit eksempel er Dorothe

Engelbretsdotters salme ”Aftensang”,som er gjennomført rytmisk: - U – U – U -

Det kan vere lurt å lære namnet på nokre mønster, spesielt jambe og troke.

                                               Jambe: U –  (lett-tung)

                                               Troke:  - U   (tung-lett)

                                               Anapest: UU –  (lett-lett-tung)

                                                Daktylos: - UU  (tung-lett-tung)

               

Når eit vers endar på ei trykktung staving, seier vi at ho har  mannleg (-) utgang.

……………………….. trykklett ………, ………………:..kvinneleg (U)……..

 

B  Den semantiske sida av diktanalysen

Motiv: Hovudinnhaldet i diktet. Det kjem gjerne fram ved at vi tolkar bileta i det. Det kan vere naturleg å ta for seg biletbruken i tilknyting til definering av motivet.

Tema: Kva diktet eigentleg handlar om. Det kjem fram gjennom motivet og kan ofte uttrykkjast med eitt ord: kjærleik, ungdom, livet.

Stemning: Lyrikk skildrar ofte ei stemning: sorg, glede, fortviling, ekstase, sakn, vemod….Vel eventuelt ut dei orda eller sekvensane som fortel noko om stemninga. Kan hende seier stemninga noko om diktaren si livsoppfatning?

Livsoppfatning: Gjennom diktet utrrykkjer poeten ei livsoppfatning som det kan vere relevant å seie noko om. Ver varsam her.

5 Det uventa nye: I lyrikken er orda alltid samansett på ein ny og gjerne uventa måte.

Eks. Jan erik Vold: “Så lenge”:

 

                              det er håp, er det        

                              skuffelse, så lenge                            Diktet er dessutan eit              

                              det er skuffelse                                 eksempel på allusjon.

                              er det liv, så lenge

                              det er liv, er det

                              håp – rekker det?

 

Vold tek utgangspunkt i eit sitat og spinn på det. Det gamle, slitne uttrykket

inneheld meir enn vi hadde tenkt oss: “Så lenge vi har for store håp, vert vi vonbrotne.”  

 

6 Biletbruk:

 

a)      Personifisering/Antropofisering: Når noko får menneskelege eigenskapar. Eks. “Livet smiler til dei.2

b)      Besjeling/Animering: Når døde ting får liv. Eks. “Vinden pusta oss i nakken.”

                   c)   Metafor: Eks. frå “Mig selv” av H. Wergeland:  “Hvess Eders reveklør”.

                         Her er reveklør ein metafor for pennefjør, men det er ikkje alltid like lett å

                         seie nøyaktig kva metaforen står for.

c)      Simile: Her er det lagt inn eit som, liksom eller liknande. Eks. frå “Mig selv”: “Som insektets stikk i muslingen avler fornærmelser kun perler i mitt hjerte.”    

d)      Symbol: Eit bilete  som har ei fast referanseramme. Eksempel: Hjarte, kross, rose.

 

Er fleire av bileta tekne frå eit spesielt emneområde? Frå sjølivet, vegetasjonen, religionen, bylivet, ei spesiell årstid…? Dersom svaret er ja, må du nemne det som del  av analysen og tenkje over i kva grad det styrer tolkinga.

 

Det finst dikt som har få eller ingen bilete. Eks. “Gamle Grendi” av Ivar Aasen.

 

7 Bruk av sansar. Eks. auditiv, visuell, olfaktorisk, kinetisk, taktil. Bruk gjerne norske nemningar.

 

Kontrastar: kan finnast på mange plan. Finn dei!

 

9 Analogiar: Iblant er dikt oppbygde slik at det ligg fleire lag eller plan i diktet. Eks. “Pot-au-feu” av Annie Riis (utdrag):

 

                                       Kvinnen tente ild under gryten

-         Athens borgere dro til Troja.

 

Hun helte vann i gryten

-         Caesars legioner dro inn i Gallia.

 

                                       Hun skar flesket i terninger

-         Borgerne bygget Europas katedraler.

 

Osb.

 

10 Gjentakingar: kan dreie seg om ord, setningar, bilete, motiv… Eks. sjå diktet over.

 

11 Ruptyr:   Tyder brot. Er der eit tydeleg brot i innhaldet? Svært vanleg. Eks. “Du vil berre vera” av Olav H.Hauge: Først 12 liner om kva deler av ein busk vi ikkje vil vere, slik som barken, tornane og greinene, til slutt to linjer om kva vi vil vera, nemleg blomen. Før dei to siste linjene er der altså ein ruptyr. Dette er òg eit eksempel på kontrast. 

 

12 Onomatopoetikon= Lydhermingsord. Eks. bææ, tøff-tøff. (fleirtalsform: onomatopoetika)

 

13 Lyrisk eller episk dikt? Episke dikt fortel ei historie. Eksempel: Welhavens “Dyre Vaa.” I eit reint lyrisk dikt er det framtredande ei stemning eller ei kjensle.

 

14 Synsvinkel. “Eg”- eller “han”-dikt?  Synsvinkel er vanlegvis noko vi er opptekne av i analyse av prosatekstar, men det kan vere aktuelt å ta med i analysen her òg.

 

15 Ordklassebruk: Eks. på problemstilling: Mange adjektiv? Er adjektiva eventuelt                       skildrande eller vurderande?

 

16 Aforisme: Eit uttrykk frå litteraturen som har blitt eit fyndord. Sjå eksempelet i 6c.

 

17 Funksjon: har diktet hovudsakleg ein estetisk, ein ekspressiv, ein appellativ eller ein                      informativ funksjon?

 

18 Forfattarintensjonen: Kva spesifikt er det diktaren vil oppnå med diktet? Dette momentet er knytt til det førre punktet. Kva vil ho informere om, overtale oss til, gje oss ei estetisk oppleving av…?

 

19 Denotativt innhald  samanlikna med konnotativt  (kulturelt relatert assosiasjons-) innhald. Er det stor sprik her? Kvifor?

 

20 Undertekst(ar). Det som eventuelt står å lese mellom linene og som seier oss at diktet                        kan hende handlar om noko anna enn det vi i første omgang trur. Iblant vil kunnskap om forfattaren eller situasjonen diktet vart skrive i, hjelpe oss til å tolke på ein fornuftig måte.

 

21 Epoke: Er diktet typisk eller utypisk for den litterære epoken det vart eller er skrive i?

 

KOMMENTARER

> Skriveregler
Lær deg skrivereglene
en gang for alle!
Kommaregler
Tankestrek
Mellomrom
Apostrof
Punktum
Bindestrek
Aksenttegn
Forkortinger

Relaterte saker

Norsk Stil: Romananalyse

Her er de viktigste rådene for bruk i romananalyse.
Les hele saken | Norsk stil

Norsk Stil: Tekstanalyse

Her er de viktigste rådene for bruk i tekstanalyse.
Les hele saken | Norsk stil

Norsk Stil: Artikkel

Her er de viktigste rådene vedrørende å skrive en artikkel.
Les hele saken | Norsk stil

Norsk Stil: Essay

Her er de viktigste rådene vedrørende å skrive et essay.
Les hele saken | Norsk stil

Norsk Stil: Kåseri

Her er de viktigste rådene vedrørende å skrive et kåseri.
Les hele saken | Norsk stil

         NORSK STIL: SJANGERE OG HJELPEMIDLER 

 

 

Aktuelle temaer:

Kåseri | Essay | Artikkel | Tekstanalyse | Romananalyse | Diktanalyse

 

Norsk Stil: Diktanalyse

Her er de viktigste rådene for bruk i diktanalyse.
Les hele saken | Norsk stil


 

Apple - EKSTRA
studentrabatt
 
Gode priser på
elektronikk
For studenter
En måned gratis
og 30 % rabatt
 
Få 100 kroner
i GAVEKORT
 
25 % rabatt for våre medlemmer
300 kr rabatt på alle reiser
20 % rabatt på alle varer
Fri innmelding + fast rabatt

Studentrabatter i hele Norge »

Spar penger på alt! Studentrabatt på tannlege, frisør, hudpleie, bilutleie, trening, teater, klær, skolebøker, aviser, underholdning, forsikring, kurs, utesteder, mat, museer, mobil, pc, mac...

 



 


 

Apple gir våre medlemmer EKSTRA studentrabatt
Få Norges beste priser gjennom vår spesialavtale!
Actic Trening
Egne studentpriser og gratis innmelding for medlemmer av StudentTorget.
En måned kostnadsfritt på TV2 Sumo Gull
Sumo Gull gir deg tilgang til ALT innhold på TV 2 Sumo.
 
Gavekort på 100 kroner.
Bli medlem og hent ditt gavekort!
Proteinfabrikken gir fast 25 % rabatt
Rabatten gjelder på alle av Proteinfabrikkens produkter.
Meget god studentrabatt på elektronikk
Siba skal være Norges billigste elektronikkbutikk for studenter!

Se noen av våre eksklusive medlemsfordeler: Ikke medlem? Registrer deg gratis her!

 

Norsk Stil: Kåseri

Her er de viktigste rådene vedrørende å skrive et kåseri.
Les hele saken | Norsk stil
.

Copyright © 1999 - 2014 StudentTorget.no - fra valg av utdanning til valg av første arbeidsgiver