Nynorsk bøying

Lær deg å bøye nynorske ord.

 
   

12.12.2012


Redaksjonen

iStockphoto

  
  - Skriveregler - Kommareglene - Apostrof
  - Ordklasser - Tankestrek - Punktum
  - Forkortinger - Mellomrom - Bindestrek
  - Aksenttegn - Sjangre - Nynorsk hjelpemidler

Annonse

 

(StudentTorget.no):

Nokre verb 

 
1
bli/verta skal bøyast slik:
bli - blir - blei - har blitt eller
bli - blir - vart - har vorte/vorti eller
verta - vert - vart - har vorte/vorti
 
 
2
Verb med -a i preteritum skal ha -ar i presens.
Verb med -de/-te i preteritum skal ha -er i presens.
 
Visse verb har valfri a- eller e-bøying. Når det gjeld
slike verb, må ein vera konsekvent og halda seg til anten
a-bøying eler e-bøying av same verbet.
 
Døme:
Han peikar på at det han peika på i går, er viktig.
Han peiker på at det han peikte på i går, er viktig.
 
 
3 Pass særleg på desse verba:
 
byta - byter - bytte - har bytt
dekkja - dekkjer - dekte - har dekt
hyggja - hyggjer - hygde - har hygd/hygt
knekkja - knekkjer - knekte - har knekt
knyta - knyter - knytte - har knytt
krenkja - krenkjer - krenkte - har krenkt
leia - leier - leidde - har leidd/leitt
løn(n)a - løn(n)er - lønte - har lønt
rykkja - rykkjer - rykte - har rykt
styrkja - styrkjer - styrkte - har styrkt
svekkja - svekkjer - svekte - har svekt
sørgja - sørgjer - sørgde - har sørgt
stynja - styn - stunde - har stunt
NB! (stønna) er sideform
skilja - skil - skilde - har skilt
symja - sym - sumde - har sumt
ta(ka) - tek - tok - har teke/teki
NB! (tar - har tatt) er sideformer
dra(ga) - dreg - drog - har drege/dregi
NB! (drar - har dradd/dratt) er sideformer
la(ta) - let - -let - har late/lati
NB!(lar - har latt) er sideformer
 
(Den vanlegaste feilen er at desse verba til og med stynja blir bøygde som a-verb.)
 
 
4 Merk særleg preteritum:
 
falla - fell - fall (ikkje falt) - har falle
finna - finn - fann (ikkje fant) - har funne
halda - held - heldt (ikkje holdt) - har halde
hjelpa - hjelper - hjelpte (ikkje hjalp)- har hjelpt
syngja - syng - song (ikkje sang) - har sunge
søkka - søkk - sokk (ikkje sank) - har sokke
treffa - treffer - trefte (ikkje traff) - har treft
 
 
5 Samsvarbøying
 
Han er skild, ho er skild, det er skilt (ut frå resten av huset), dei er skilde.
 
Jobben er gjord, oppgåva er gjord, arbeidet er gjort, leksene er gjorde.
 
Eg har sett han. Han er sedd, ho er sedd, barnet er sett, dei er sedde på byen saman.
 
 

Nokre substantiv

 
6 Hankjønn
 
ein benk - fleire benker
ein sekk - fleire sekker
ein stilk - fleire stilker
ein vegg - fleire vegger
ein gris - fleire griser
ein rett - fleire retter (mat)
- fleire rettar (privilegium)
 
 
7 Hokjønn
 
ei helg - fleire helgar
ei vik - fleire vikar
 
 
8 Inkjekjønn
 
eit komma - kommaet - fleire komma - desse komma/kommaa
eit skjema - skjemaet - fleire skjema - desse skjema/skjemaa
eit tema - temaet - fleire tema - desse tema/temaa
 
eit faktum - faktumet - fleire faktum/ - desse faktuma
fakta - fakta/faktaa
 
eit kvantum - kvantumet - fleire kvantum/ - desse kvantuma
kvanta - kvanta/kvantaa 
 
 

Samandraging/ikkje samandraging

 
Hovudreglar:
 
Inkjekjønnsord på trykklett -el har valfri
samandraging i bunden form eintal, obligatorisk
samandraging i bunden form fleirtal.
 
Inkjekjønnsord på trykklett -ter har valfri
samandraging både i eintal og fleirtal.
 
-el-døme:
eit fengsel - fengselet/fengslet - fleire fengsel - fengsla
eit kapittel - kapittelet/kapitlet - kapittel - kapitla
eit middel - middelet/midlet - middel - midla
 
(Ikkje bland saman med ein midel - midelen - midlar - midlane som tyder 'eige, pengar')
 
Du må ha konsekvens innanfor heile denne gruppa av ord når det gjeld bruken av samandraging.
 
-ter-døme:
eit helikopter - helikopteret/ - fleire helikopter - helikoptera/
helikoptret helikoptra
 
eit krater - krateret/ - fleire krater - kratera/
kratret kratra
 
eit teater - teateret/ - fleire teater - teatera/
teatret teatra
 
 
9 Konsekvens ved bøying av substantiv:
 
Visse substantiv har valfritt kjønn, t.d.
ein/ei andakt, ein/ei art, ein/ei farge, ein/ei grad,
ein/ei plante, ein/ei maskin, ein/ei kasse, ein/ei
klasse, ein/ei tekst osv.
 
Vel eitt bøyingsmønster og bruk det gjennom heile teksten.
 
 
10 Merk kva kjønn desse substantiva har: 
 
EIN 
 
annonse
aksje
brosjyre
del
dialekt
fase
kommune
kontrakt
medalje
medisin
medlem fl. medlem(m)er
myte
nisje
pause
runde
rutine
skade
katastrofe
reiskap
 
EI
 
form (Korleis er forma?)
plattform
reform
rolle
sone
spalte
straff
uniform
norm
 
 
Kilde: Norsk Språkråd / www.sprakrad.no

 


> Skriveregler
Lær deg skrivereglene
en gang for alle!
Kommaregler
Tankestrek
Mellomrom
Apostrof
Punktum
Bindestrek
Aksenttegn
Forkortinger

Relaterte saker

Nynorsk ordbruk

Informasjon om hvordan ordbruken i nynorsken er bygd opp.
Les hele saken | Nynorsk

Nynorsk skrivemåte

Det er lett å blande sammen nynorsk og bokmål, spesielt når det er i grenseland mellom hva som er tillatt og ikke tillatt.
Les hele saken | Nynorsk

Norsk: Nynorsk

Du er her: StudentTorget / Skolefag / Norsk / Nynorsk

 

Nynorsk ordbruk

Informasjon om hvordan ordbruken i nynorsken er bygd opp.
Les hele saken | Nynorsk


 

Apple - EKSTRA
studentrabatt
 
Gode priser på
elektronikk
For studenter
En måned gratis
og studentrabatt
 
Få 100 kroner
i GAVEKORT
 
25 % rabatt for våre medlemmer
300 kr rabatt på alle reiser
20 % rabatt på alle varer
Fri innmelding + fast rabatt

Studentrabatter i hele Norge »

Spar penger på alt! Studentrabatt på tannlege, frisør, hudpleie, bilutleie, trening, teater, klær, skolebøker, aviser, underholdning, forsikring, kurs, utesteder, mat, museer, mobil, pc, mac...

 

.

Copyright © 1999 - 2014 StudentTorget.no - fra valg av utdanning til valg av første arbeidsgiver