Sogn og Fjordane Teater

  

Studenter får 28% på alle ordinære framsyningar.

 

Sogn og Fjordane Teater (SoFt) speler teater for alle aldersgrupper innafor ulike sjangrar. Repertoaret spenner frå musikalar og ”feel – good”- teater til klassiske drama og moderne teater som er basert på lokale hendingar og personar. Vår visjon er at vi skal røre folk med opplevingar dei ikkje har hatt før.

Absolutt Per

av Rolf Losengård, Ola B. Johannessen og Bodil Kvamme

Absolutt Per er ein kabaret bygd kring musikken til Per Janke Jørgensen.

Bli med Jon Eikemo og resten av ensemblet på ei musikalsk reise gjennom SoFt og Per Janke Jørgensen si 35- årige historie i Sogn og Fjordane. Her får du eit kjært gjenhøyr med låtar og tekstar av mellom andre Jakob Sande, Norvald Tveit, Per Sivle og Rolf Losnegård.

Per Janke Jørgensen er komponist og musikalsk leiar ved SoFt. Han står bak musikken til svært mykje som er produsert ved teatret. Som Dei siste maksværingar, Kinnaspelet, Per Sivle- ein teaterkonsert, Sande-musikalen Storm frå Nordvest og mange, mange fleire.

Komponist: Per Janke Jørgensen
Dramaturg: Bodil Kvamme
Scenografi og kostymedesign: Helge Hoff Monsen
Lysdesign: Trygve Andersen
Koreografi: Elin Høyholm
Skodespelarar/songarar: Jon Eikemo, Erik Wenberg Jacobsen, Martin Leines, Katrine Lunde Mackenzie og Madeleine Nilsen.
Musikarar: Oddmar Amundsen, Frank Jakobsen, Per Janke Jørgensen, Rolf Prestø, Per Arild Skorgen og Aage Vaksdal.


Urpremière i Teatersalen, Førdehuset  torsdag 23. februar kl 1900. Turnè i Sogn og Fjordane 28. februar – 29. mars.

www.softeater.no

 

 

 

Firmanavn: Sogn & Fjordane Teater
Adresse: Angedalsvegen 5
Telefon: 909 90 600
Telefontid 08:30 - 16:00
epost: infosjef@softeater.no
Nettside: www.softeater.no

Tags: Teater, Underholdning, Underhaldning, Kultur, Oppleving, Opplevelse

JW-player

Her finner du oss